Startside       Om Fjord Invest       Fond       Portefølje       Aktuelt       Samarbeidspartnarar       Kontakt

 
Credo Partners vert ny majoritetseigar i Dooria AS
(31.05.2010)

Credo Partners går inn som majoritetseigar i Dooria AS gjennom ei kapitalutviding. Dooria er ein leiande nordisk produsent av dører med hovudkontor i Utvik. 

Hovudaksjonær i Dooria, Fjord Invest Industri AS, har i dag blitt samde med Credo Partners om å gjennomføre ei kapitalutviding i Dooria på totalt NOK 60 millionar. Både Credo Partners og Fjord Invest deltek i emisjonen, og Dooria sine minoritetsaksjonærar vil bli invitert til å delta på like vilkår. Etter emisjonen vil Credo Partners kontrollere 51% av selskapet. Transaksjonen vert forventa gjennomført i etterkant av godkjenning frå norske konkurransemyndigheiter.

Dooria er ein leiande produsent av inner- og ytterdører til den nordiske marknaden med ein interessant nummer to posisjon i Noreg og Sverige. Dooria er ein fullsortimentsleverandør i ein elles fragmentert nordisk marknad. Dooria har røter tilbake til trevareverkstaden Fjordtre i Utvik, og er eit resultat av fleire samanslåingar og oppkjøp av svenske dørfabrikkar gjennom 1990- og 2000-talet. I dag har konsernet fem fabrikker, ein i Utvik og ein i Årdal samt tre i Sverige. Selskapet har 316 tilsette, og omsette i 2009 for NOK 477 millionar, fordelt med om lag 60% i Sverige, 30% i Noreg og 10% i andre nordeuropeiske land.

- Byggevarebransjen er inne i ein svært utfordrande konjunkturfase som også har påverka Dooria sine resultat negativt. Med ein sterk produktportefølje og ein interessant marknadsposisjon ser vi mogelegheiter for at Dooria med sin nye finansielle kapasitet har eit godt utgangspunkt for vidare vekst og betra lønsemd, seier Jon Bjørstad, Senior Partner i Credo Partners, som legg til at målet er å gjere Dooria til ein styrka og leiande aktør innan sin marknad i Skandinavia.

- Vi er særs nøgde med å få Credo Partners med på eigarsida. Med Dooria sin dørkunnskap og Credo Partners sin kompetanse på drift og verdiskaping bør Dooria ha gode føresetnader for lønsemd og vekst framover legg styreleiar i Dooria, Roger Flølo til.

- Konjunkturnedgangen pregar situasjonen til mange av aktørane i byggevarebransjen, og bransjen vil møte store utfordringar også i tida som kjem. Fjord Invest Industri ser positivt på at Credo Partners saman med oss ønskjer å styrke Dooria finansielt. I Credo Partners har vi funne ein samarbeidspartnar som ønskjer å arbeide aktivt saman med oss for å styrke Dooria sin posisjon i den nordiske marknaden, seier Aud Ingrid Espeland som er dagleg leiar i Fjord Invest Industri.

For ytterligare informasjon, vennligast kontakt:

Credo Partners AS, Jon Bjørstad, Senior Partner, +47 90 78 24 78

Dooria AS, Roger Flølo, styreleiar, +47 99 73 78 00

Fjord Invest Industri AS,Aud Ingrid Espeland, dagleg leiar,  +47 91 33 57 24

  

  

 

 

 

Credo Partners er eit norsk investerings- og rådgjevingsselskap med fokus på verdiskaping gjennom betring av lønsemd, driftseffektiviseringar og auka strategisk fokus. Credo Partners har omfattande erfaring frå leiing i norsk og internasjonalt næringsliv, og er spesialistar på betring av lønsemd i bedrifter med stort utviklingspotensial. Credo Partners sine andre porteføljeselskap er Variér Furniture og Fora Form.

Fjord Invest Industri AS er eit holdingselskap som blant anna er eigd av Fjord Invest AS, Utvik Energi AS og Stiftelsen for Årdalsfondet. Selskapet er oppretta for å samle eigarpostar i dørprodusenten Dooria AS, og har vore medeigar i Dooria sidan 2003. Fjord Invest Industri vert forvalta av Fjord Invest Management. Fjord Invest Management held til i Førde, og forvaltar om lag NOK 400 millionar fordelt på fire fond som investerer i små- og mellomstore vekstbedrifter på sør- og vestlandet.




Lagt inn av: Hilde Kristin Hårklau - Lest: 412 ganger

Fleire saker

 Print   


Register  Logg inn  |   Fjord Invest | Firdav. 6 | 6800 Førde | Tlf: 950 00 120 | Fax: 94 77 41 75 | E-post: aud.ingrid.espeland@fjordinvest.no