Startside       Om Fjord Invest       Fond       Portefølje       Aktuelt       Samarbeidspartnarar       Kontakt

 
Fjord Invest investerer i Yast AS
(13.07.2010)

Fjord Invest-fonda investerer i programvareselskapet Yast AS gjennom fonda Fjord Invest SørVest AS og Fjord Invest Såkorn AS. 

Yast AS, med hovudkontor i Sogndal, har utvikla verdas enklaste system for timelisteføring. Løysinga er både web- og mobilbasert, og no står global lansering for døra.

- Yast har eit unikt nisjeprodukt som raskt og enkelt let seg distribuere til ein global marknadsplass, kombinert med eit sterkt og engasjert team. Det er eit godt utgangspunkt for å lukkast, og vi har difor valt å satse på denne bedrifta, seier Roger Flølo, partnar i Fjord Invest Management.

Bak Yast står fem gründerar med utdanning frå NTNU, som med eigne midlar og støtte frå mellom anna Innovasjon Norge og Fjord Inkubator har utvikla ei timeregistreringsløysing som i dag har 6000 brukarar verda over.

- For gründerbedrifter som Yast er det særs viktig med tilgang på risikokapital, og vi er både stolte og glade for å få Fjord Invest med oss på eigarsida. I tillegg til vekstkapital, tilfører Fjord Invest oss forretningskompetanse og nettverk som er viktig for å nå dei måla vi har sett oss, seier Halvor Gregusson i Yast. Han er også nøgd med at ei gruppe av lokale investorar deltek i kapitalutvidinga, noko som er med på å skape eit breitt lokalt engasjement om verksemda.

Investeringa i Yast skjer i form av retta emisjonar mot Fjord Invest og andre private investorar. Fjord Invest vil etter emisjonen eige 18% av Yast AS.

For ytterlegare informasjon:

Fjord Invest Management AS, Roger Flølo, partnar, tlf 997 37 800

Yast AS, Halvor Gregusson, tlf 416 53 241

Fjord Invest er eit investeringsmiljø i Førde som foretek aktive investeringar i såkorn- og vekstselskap. Fjord Invest forvaltar fire private eigenkapitalfond med ein totalkapital på rundt 400 millionar kroner gjennom selskapa Fjord Invest AS, Fjord Invest Såkorn AS , Fjord Invest Industri AS, Fjord Invest SørVest AS. Blant dei største eigarane i Fjord Invest-fonda er Sparebanken Sogn og Fjordane, Sparebanken Vest, Gjensidige Forsikring, BKK AS, stiftinga REKOMP og Sogn og Fjordane Fylkeskommune. www.fjordinvest.no

 




Lagt inn av: Hilde Kristin Hårklau - Lest: 243 ganger

Fleire saker

 Print   


Register  Logg inn  |   Fjord Invest | Firdav. 6 | 6800 Førde | Tlf: 950 00 120 | Fax: 94 77 41 75 | E-post: aud.ingrid.espeland@fjordinvest.no